5 kjappe med regnskapsføreren

Sigbjørn Gurskevik Skeide, styreleder og autorisert regskapskapsfører i Reknehuset AS, forteller blant annet om et næringsliv som er pålagt unødvendige administrative byrder og om utfordrende dokumentering knyttet til hvitvaskingsregelverket.

Del
Sigbjørn Gurskevik Skeide, styreleder og autorisert regskapskapsfører i Reknehuset AS, svarer på 5 kjappe spørsmål i denne utgaven av Regnskap & Økonomi.

Hver måned gir vi en ny regnskapsfører fem spørsmål om arbeidshverdagen og bransjen. Takk til Sigbjørn Gurskevik Skeide, styreleder og autorisert regskapskapsfører i Reknehuset AS, som svarer på denne utgavens 5 kjappe:

Hva opptar deg profesjonelt akkurat nå?

Det er krevjande tider for fleire næringar no, men eit problem som gjeld alle næringsdrivande er dei administrative byrdene ein er pålagt. Og medan mange regjeringar har lovd forenklingar, så er mykje ugjort. Lista over gode forenklingsforslag er lang, og ikkje minst har Regnskap Norge mange gode forslag.

Kan vi håpe på at noko skjer på dette området? Det hadde i alle fall vore til stor glede for det norske næringslivet, både dei som driv i dag og ikkje minst dei som vurderer å starte opp, men synest det er for komplisert.

Eg trur vi går glipp av mange nyetableringar rett og slett fordi kneika er for stor. I starten bør ein ha muligheit til å "greie seg sjølv" og såleis kunne halde kostnadsnivået nede på eit minimumsnivå. Slik er det dessverre ikkje i dag.

Hva har vært den største utfordringen for deg profesjonelt den siste tiden?

Oppfylle krava til dokumentasjon i kvitvaskingsregelverket. Her har vi fått nokre a-ha-opplevingar på det vi trudde var i orden, men som Finanstilsynet sine kontrollar viser ikkje er tilstrekkeleg. Det er skremande når mange aktørar i bransjen endar opp med straff for brot på regelverket.

Eg er overbevist om at bransjen vår er ein lovlydig bransje. Så får eg håpe det blir avklart kva som er forventa av bransjen slik at vi kan oppfylle krava. Det er uheldig viss det skulle danne seg eit inntrykk av at rekneskapsbransjen verken greier å følgje med eller er lovlydige.

Hvordan har du løst utfordringen?

I Reknehuset er vi 15 tilsette og då blir det enklare å gjere ein grundig jobb med rutinane våre. Så med hjelp frå kursa til Regnskap Norge og ein aktiv kvitvaskingsansvarleg, så trur eg vi er "innafor". Men det trudde nok dei som fekk gebyr frå Finanstilsynet nylig også...

Elles er eg spent på korleis kvardagen vår blir endra når det nye registeret over rettshavarar kjem til hausten. Her synest eg Regnskap Norge har eit godt poeng når det blir spurt om kvifor eksisterande informasjon i aksjonærregisteret ikkje blir gjenbrukt.

Del en positiv opplevelse fra jobben den siste tiden, og fortell hvorfor du har opplevd dette som positivt.

I førre veka fekk vi vasslekkasje og kontoret måtte forlatast for ei god tid framover. Ei hending som isolert sett er langt frå positiv. Men det positive er at det gjekk ikkje mange timane før vi var oppe igjen med normal drift. Og slik har det vore for mange av oss siste åra. Dei stadige krava om heimekontor har vist at bransjen har vore svært omstillingsdyktig. Vi er mange som ikkje saknar verken papirbilag eller skrivaren. Vi har verkeleg kome til det papirlause kontor. Det er ikkje science fiction lenger.

Beskriv regnskapsbransjen 5 år frem i tid

Det er alltid bruk for flinke folk. Det begynner å bli nokre år sidan vi fekk høyre at fotomodellar og rekneskapsførarar var dei første som kom til å forsvinne frå yrkeslivet. Fotomodellar har eg lite greie på, men at vi jobbar med andre ting no enn vi gjorde for nokre år sidan, og at vi kjem til å jobbe med andre ting om fem år enn vi gjer i dag, ja det er det inga tvil om.

Eg trur det blir eit yrke som blir endå kjekkare enn det er i dag. Vi kjem til å løfte oss frå å drive med myndigheitspålagt arbeid, til å bli dei hjelparane vi skal vere. Framtida vil gi oss endå meir interessante oppgåver og kundeopplevinga av det vi leverer vil bli betre enn nokon gong.

For det er vel lov å ha trua på ei god framtid!?!

 

Ønsker du å bidra til spalten "5 kjappe med regnskapsføreren"? Ta kontakt med Lene N. Sundalskleiv, kommunikasjonsrådgiver i Regnskap Norge, på lene@regnskapnorge.no.